Foto:Bo Eide

 

Senter for oljevern og marint miljø er i full gang med arbeidet med den nye nasjonale kartløysinga vil føre vidare  alle funksjonane som er i Ryddeportalen. Det vil si at gode funksjoner som å adoptere en strand, registrere forsøplaområder og ryddeaksjonar vil ligge i den nye løysninga  For frivillige strandryddarar vil kartløysinga vere ein motivator for mobilisering og legge til rette god kommunikasjon i oppryddinga.

– Ryddeportalen er primært retta mot frivillige strandryddarar. Den nye kartløysinga skal framleis  vere  for dei, men og for forvaltarar, avfallsbransjen og forskarar. Målet er å lage eit  verktøy som gjer  at kysten blir reinare, seier prosjektleiar Anja Meland Rød.

For forvaltninga er målet at strandryddinga skal bli meir effektiv. Kartløysinga skal vere eit verktøy som  gir overordna oversikt over behov og aktivitet i ulike områder og ein skal kunne hente ut data, statistikk og gjennomføre analyser. Det er og  viktig at kartløysinga legg til rette for koordinert oppryddingsarbeid ved å forenkle samordning av innsats og gjere det mogleg å prioritere oppdrag.

– Særleg forvaltninga har behov for å koordinere strandrydding på ein god måte, det skal denne løysninga legge til rette for, seier Anja.

Prototype klar 1. september

I september skal prototypen vere klar for visning og testing, og der vil og ulike brukarar bli inviterte inn i arbeidet. Verktøyet vil ha ei feltløysing og ei webløysing. Det gir brukarane moglegheit til å registrere og arbeide i verktøyet i felt, både innanfor og utanfor dekning.

– Summen av alle funksjonane og moglegheitene i verktøyet gjer at vi får meir og betre kunnskap om marin forsøpling i Norge. I  tillegg blir det tilrettelagt for meir effektiv og koordinert innsats. Dette arbeidet er spennande og vi ved Senter for oljevern og marint miljø gler oss til å lansere prototypen til hausten. Det er motiverande å utvikle eit verktøy som bygger på noko mange kjenner, men som også skal utviklast vidare. Og så er det rom for nokre nye sprell, ler Anja.