Redigert:10/7/2020

I forslaget til statsbudsjettet for 2021 vil regjeringa løyve 25 mill. kr til å planleggje testsenteret for oljevernteknologi på Fiskebøl.

Dette er eit positivt signal frå regjeringa om at Senter for oljevern og marint miljø skal jobbe videre med Fiskebøl. Når 2021 kommer er vi klare for neste steg i planlegginga av eit nytt testsenter på Fiskebøl, seier direktør Ann-Helen Ernstsen ved senteret.

Senter for oljevern og marint miljø får dobla løyva si frå 2020 i budsjettforslaget som no er lagt fram for 2021. Regjeringa set av 52 millionar kroner til senteret i budsjettforslaget, kor 25 av dei skal gå til å starte opp etableringa på Fiskebøl.

– Skipstrafikken og maritime aktivitetar i dei nordlegaste områda i landet aukar. Difor må Noreg også vere i førarsetet når det gjeld å handtere marin forsøpling og oljesøl langs kysten vår. Regjeringa sett no av midlar til planlegging for å etablere eit testsenter for utvikling av oljevernteknologi, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF).

Regjeringa vil byggje videre på kompetansen til senteret og Kystverket, som har det operative ansvar for den statlege beredskapen mot akutt forureining. Saman med Kystverket leverte senteret 1. september 2020 forprosjektet for testsenteret på Fiskebøl, med ulike alternativ for eit mogleg testsenter. Kystverket skal følge opp forprosjektet i samarbeid med Senter for oljevern og marint miljø. Dei nye testfasilitetane skal liggje på Fiskebøl i Vesterålen.

Les meir om løyva og forslaget til statsbudsjettet for 2021